Riksantikvaren har avgjort klage på Vestland fylkeskommune sitt avslag på søknad om dispensasjonDispensasjon: Fritak fra i et enkelt tilfelle å følge en lov... frå kulturminneloven for bygging av ein landbruksveg på Tjelmeland i Etne kommune. På eigedomen er det registrert spor frå bronsealderen.
Fylkeskommunen avslo søknaden på grunn av manglande opplysningar om kulturminnet sitt omfang og karakter. Det vart påpeikt at bevarte kulturlag frå bronsealderen er sjeldne og viktige å bevare. Fylkeskommunen meinte at det framleis var mange alternative løysingar som kunne utgreiast før ein eventuell dispensasjonDispensasjon: Fritak fra i et enkelt tilfelle å følge en lov... kunne gis.
Riksantikvaren fann at fylkeskommunen si utgreiings- og informasjonsplikt etter forvaltningsloven § 17 ikkje var oppfylt i saka. Vi påpeikte at det er behov for ei tilleggsregistrering for å få ei meir heilskapleg forståing av kulturminnet sin karakter og utstrekning, før ein kan fatte eit vedtak etter kulturminneloven § 8 første ledd.
Riksantikvaren oppheva fylkeskommunen sitt vedtak og sende saka tilbake til fylkeskommunen for ny handsaming.