Denne veka vart det arrangert eit ekstraordinært møte i verdsarvkomiteen. Føremålet med møtet var blant anna å diskutere sakar knytt til “Sites of Memory”, det vil seie kulturobjekt eller -område som knyter seg til vanskeleg historie.
I tillegg har innskrivinga av tre nye stader på verdsarvlista og farelista blitt diskutert, blant anna gamlebyen i Odessa i Ukraina.
– Dei tre nye stadene som vart skriven inn på verdsarvlista i dag hamnar også rett på farelista til Unesco. Dette er ei liste som syner umisteleg kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kult... som står i fare for å bli øydelagt og forsvinne, seier riksantikvar Hanna Geiran.
UNESCO har to lister som omfattast av verdsarvkonvensjonen. Det er lista over verdas natur- og kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kult... (verdsarvlista) og lista over verdsarv i fare. Å skrive inn kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kult... på verdensarvkonvensjonens liste over verdsarv i fare er eit sterkt signal frå verda, FN og Unesco om at vi ser at denne kulturarven blir utsatt for stor fare og øydelegging på grunn av krig, uro og vandalisme.
Ukraina, Yemen og Libanon
Verdsarvstadene som er foreslått innskrivne pregast av krig og intern uro. “Rachid Karami International Fair” ligg i Tripoli. Det er ein stor utstillingsplass som vart reist på 1960-talet. Plassen er utforma av den verdskjende brasilianske arkitekten Oscar Niemeyer. I Yemen er det eit arkeologisk område som høyrer til guvernementet Marib. Det er ein del av verdsarven “Ancient Kingdom of Saba” og syner viktige deler av den Sabeeiske kulturen. I Ukraina trugast gamlebyen i Odessa av den pågåande angrepskrigen. I Odessa finn ein blant anna “Potemkin trappa”, som er verdskjent frå filmen “Panserkrysseren Potemkin”.
Kulturarv i krig og konflikt
KulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kult... har til alle tider blitt brukt som både mål og middel i konflikt. Ei “farelisting”, gjev mogelgheit for fagleg og økonomisk samarbeid, og støtte. Verdssamfunnet har moglegheit til å etablere ei berekraftig og god bevaring av den aktuelle kulturarven. Det kan blant anna bidra til betre forvalting, konserveringKonservering: Konservering av et kulturminne betyr at man si..., forsking, formidling, juridisk vern og økonomisk sikkerheit.
Lenker til UNESCO:
