Riksantikvaren har avgjort ei klage på avslag på søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2024 kap. 1429 post 71. Søknaden gjaldt skjøtselSkjøtsel: Regelmessige vedlikeholdstiltak, for eksempel vege... av kulturlandskapKulturlandskap: Alt landskap som er påvirket av mennesker. B... på Lygra. Avslaget frå Vestland fylkeskommune er grunngitt med at tilskotsforskrifta og statsbudsjettet for 2024 ikkje opnar for å gje tilskot til kulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ... som ikkje er freda.
Riksantikvaren fant at tilskotsforskrifta ikkje gir heimel for å gje tilskot til kulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ... og kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en... som ikkje er freda. Tidlegare statsbudsjett, mellom anne frå 2022 og 2023, opna for at regionalforvaltninga i særlege tilfelle kunne gje tilskot til ikkje-freda kulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ... dersom dette vart gjort med forankring i nasjonale strategiske satsingar. Tidlegare tildelingar til Lyngheisenteret er gjeve på dette grunnlaget. I statsbudsjettet for 2024 er denne moglegheita tatt ut.
Riksantikvaren stadfesta avslagsvedtaket frå Vestland fylkeskommune. Klaga blei ikkje tatt til følgje.