– Prosjekt Levende kystkultur på Kvitsøy tek vare på og formidlar øyas hummarfisketradisjonar, men også særmerkt historie frå vikingtid, seier avdelingsdirektør Linda Veiby. – Vi er imponert over kva dei har fått til, og dei er et godt døme på korleis ein kommune kan bruke sine kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en... som ein ressurs for å utvikle lokalsamfunnet.
Kvitsøy jobber bredt med historiefortelling, opplevelser og næring, og de tar vare på hummerparker og sjøhus for å bevare og styrke kommuneidentiteten.
– Dette blir ein del av å utvikle den nye bevaringsstrategien for kystens kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en..., fortsettar Veiby. – Erfaringane frå dei to første prosjektåra har gitt gode resultat, blant anna med tanke på bevaring og bruk av hummarparkane.
Riksantikvaren har tidlegare gitt tilskot til prosjektet på til saman 1,4 millionar kroner, og no søkte Kvitsøy kommune midlar til vidareføring av prosjektet Levende kystkultur.
Med prosjektet ønskjer Kvitsøy kommune å styrke øysamfunnets identitet og verdiskapingVerdiskaping: Verdiskaping er bruk av kunnskap, kapital og/e..., slik at øybuarane får auka eigarskap og engasjement for si eiga historie, seier Veiby. – Kommunen vil difor ta vare på Kvitsøys kulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ... og kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en... på ein berekraftig måte, slik at dei kan spele ei positiv rolle i samfunnsutviklinga.
Prosjektet skjer i nært samarbeid med Rogaland fylke. I tillegg til istandsettingIstandsetting: Reparasjonsarbeid for å bringe en bygning, de... og regulering av hummarparkane, jobbar kommunen med blant anna istandsetjing av pakkhus, plan for formidling, besøksstrategiar, samt bevaring og utvikling av sjøhus.
Kvitsøy har jobba målretta med kystkultur i mange år, seier Veiby, og vi er særs glad for at dei også ønskjer å dele erfaringane sine med andre som no er i startgropa med å satse på kystens kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en....
Dette er Riksantikvarens satsing på verdiskaping:
Verdiskaping i kulturmiljø er ei tilskotsordning over statsbudsjettet. Riksantikvaren har som mål at verdiskapingsprosjekt skal vere gode eksempel på kulturmiljøas rolle i samfunnsutviklinga. VerdiskapingVerdiskaping: Verdiskaping er bruk av kunnskap, kapital og/e... er eit viktig verktøy i arbeidet med dei nye bevaringsstrategiane.
Riksantikvaren skal legge til rette for gode prosjekt for kulturmiljøbasert næring, distriktsutvikling og omstilling i lokalsamfunn. Samarbeid med Sametinget, fylkeskommunane og nasjonale partnarar står sentralt i satsinga, og skal styrke kunnskapsutvikling, læring og formidling.


