– KulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ... og kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en... er ikkje godt nok integrert i den nasjonale beredskapen. Det bøtar vi på no, seier riksantikvar Hanna Geiran.
– Målsettinga er å minske øydelegging og å hindre tap av kulturarvKulturarv: Samlebetegnelse for materiell og immateriell kult... ved ekstreme hendingar som naturkatastrofar eller samfunnskrisar, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Rettleiaren er laga i tett samarbeid med fleire kommunar i ulike delar av landet. Sunndal, Lillehammer, Lom og Skjåk, og Oslo har bidratt i arbeidet med å teste den ut . Den er testa i fleire ulike typar kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en..., blant anna i freda bygnadsmiljø, vassvegar, mellomalderkyrkjegard, i ein militærleir og i tette trehusmiljø.
– Verda er meir ustabil, og vi må ta inn over oss at kulturarven vår er utsett. Om vi taper kulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ..., tapar vi samstundes noko av vår felles historie og viktige ankerfeste, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Totalberedskap – Kulturarv inn i lokale planar
10. januar i år la regjeringa fram stortingsmeldinga for totalberedskap «Forberedt på krise og krig» Meld. St. 9 (2024-25). Der kjem det tydeleg fram at kulturarven skal takast i vare når beredskapspolitikken i Noreg skal meislast ut for dei neste åra. Då vil denne rettleiaren vere eit nyttig verktøy for kommunar, fylkeskommunar og eigarar av kulturmiljø.
– Konsekvensar av klimaendringar, krig og væpna konflikt kjem stadig nærare, og vi må vere førebudde på at Noreg også kan verte ramma, seier Geiran.
Rettleiaren følger norsk standard for krav til risikovurdering, og legg seg tett opptil Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) sine malar for utføring av risiko- og sårbarheitsanalysar. Det er gjort for at tiltak for kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en... skal vere enklare å integrere i kommunale beredskapsplanar som allereie er laga.
Kommunane står ovanfor eit stort og komplekst arbeid med beredskap. Difor er det viktig at ein nyttar seg av eit så likt system som mogleg, slik at beredskapen blir mest mogleg sameint.
– Når verdsarven i Syria og Ukraina blir utsett for målretta angrep, og vi ser reaksjonane når kjende og kjære kulturminneKulturminne: Kulturminner er alle spor etter menneskers liv ... som Notre-Dame og Børsen stå i flammar, så står det klart for oss at vi må ha nasjonal beredskap for vår eigen historie, seier Geiran.
Pressevakt Riksantikvaren
Ikke send sms, telefonen viderekobles.Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153
7 millionar til mellomalderhus i fem fylke
Den rike bygningsarven frå mellomalderen får no utbetalt 7 millionar i tilskot.
Riksantikvaren inviterer til Vårseminar om beredskap og ombruk
Riksantikvaren lanserer nytt, årlig seminar. I Oslo 12. mars skal eiere og forvaltere diskutere beredskap og ombruk av Norges kulturmiljøKulturmiljø: Et område der kulturminner inngår som del av en....








